

Stord Revmatikarlag
Éin av fire nordmenn har ein sjukdom relatert til muskel- og skjelettsystemet. Meir enn 300 000 av desse har ein revmatisk diagnose. Norges Revmatiske Forbund talar deira sak. NRF har som føremål å førebygge og bekjempe revmatiske sjukdomar og muskel- og skjelettplager.
Me er eit lokallag under NRF - Norges Revmatiske Forbund. Me engasjerer oss i helsepolitiske spørsmål, vervar medlemmer og deltek på diverse kurs – alt til beste for våre medlemmer.
Den største aktiviteten er bassengtreninga i Rehabiliteringssenteret på Leirvik. Me trener under leiing av instruktør i 34 graders oppvarma vatn. Aktiviteten byggjer på frivilleg arbeid.
Loddsal og basar er viktig for at laget kan driva bassengtreninga. Derfor deler laget ut 1 loddbok til kvar deltakar i bassenget.
Vi arrangerer medlemsmøte, der me ofte har foredrag med ulike tema. Møta er innhaldsrike, ofte lærerike og alltid koselege med kaffi og ein matbit!
Du kan enten ta kontakt med ein av oss i styret, eller du kan sende ein e-post til lokallaget vårt.