FORENINGSPORTAL Foreninger på Stord

Stord con Spirito

Stord con Spirito er eit kvinnekor som høyrer til i Stord kommune, men har medlemmer frå andre kommunar som Kvinnherad og Bergen. Koret vart skipa i 1990 av Reidun Hagenes. Koret markerte seg raskt som eit kor på nasjonalt plan, og har hatt mange konsertar i inn og utland med eit breidt repertoar. Dei siste 25 åra har Tore Kloster vore dirigent for koret.

Stord con Spirito øver saman 7-8 helger per år. Ofte startar eit seminar med at me gjennomgår musikken som er valt ut saman første helga. Andre helga me treffes prøver me å formar musikken saman. Tredje og siste helg er ofte øving og konsert. Dette betyr at alle medlemmane i koret sjølv har ansvar for å setja seg inn og læra si stemme på eigahand. 

Når me treffes igjen - for 2.semester det året - er det kanskje heilt ny musikk for koret, så då øver me det inn på same viset.

Me hadde 30-års-jubileum i 2020. I løpet av dei åra har me hatt fantastiske opplevingar. Alt frå å vinna konkurransar, til å syngja i iskald kyrkje i Latvia så frostrøyken sto rundt øyrene!

I over 30 år har koret prøvd å formidla god og varierane musikk både lokalt, nasjonalt og i det store utland.
Stord con Spirito har alltid ønskje om å utvida vår musikalske verden og prøva forstå, elska og framføra musikk ein kanskje treng høyra to gonger for å få innunder huden. Samstundes inneheld repertoaret vårt mange gode og fine folketonar og musikk som ein kjenner igjen og ein kan tralla med på.
Eit utval av musikken har opp gjennom åra blitt samla på diverse utgjevingar av CD-plater.

Fritidsaktiviteter

Sang
Kor

Kontaktinformasjon

93467705 / 

stord.con.spirito@gmail.com

www.facebook.com/groups/145217168091

Randi Lindseth Nygård

Postadresse
Åkervikåsen 81
5415 Stord

Andre opplysninger

Org.nummer
912442284

Ant. medlemmer
16

Vipps-nummer
717349

Kategori
Song og musikk

Stikkord
kor konsert kvinnekor damekor

Sist oppdatert
09.03.2025

Rediger med kode

Kontakt

Sosiale media

2025 © Foreningsportal