

Songlaget Stordabuen
Songlaget Stordabuen vart skipa i 1935, og har dermed runda 90 år. Koret er medlem av Norges Korforbund, og har ein stabil medlemsmasse på rundt 75 songarar. Det hender at nokon slutter, men me har det so kjekt at det stadig kjem nye krefter til.
Songlaget Stordabuen på Facebook
Repertoaret er vekslande. Me er glade i både eldre og nyare musikk, helst av det meir populære slaget. I ei årrekkje har me hatt større konsertar/oppsetjingar på haustparten, for eit stort og trufast publikum.
Me øver på Leirvik skule onsdagar fra kl. 19.30 - 22.00.